Våre produkt

  • Oskepott

    Upasteurisert ost modna med mjølkesopp og vegetabilsk oske. Den er laga på same måte som ein chevre, men på kumjølk. Osten er mild på smak som ung (ca 14 dagar) og blir mjukare og litt skarpare i smaken etter nokre veker.

    Serveringstips og bruksområde:

    Optimal serveringstemperatur er ca 12 grader. Den gjer seg fint på eit ostefat. Ulikt tilbehør gjer ulik smak på osten. Kanskje likar du best det søte, som honning eller ulike gelèar. Vårt beste tips er “Tre nøtter til Oskepott”: sidan osten smaker spesielt godt saman med rista salte hasselnøtter.

  • Kvitebjørn

    Upasteurisert mjuk halvfast ost. Osten er lett pressa og lett vaska i saltvatn. Den blir modna i ca 30 dagar før den blir vakuumert. Mild, lett kittmodna smak.

    Serveringstips og bruksområde:  

    Passar godt på ostebordet. Gir òg god aroma og smak i gratengar og på pizza.

  • Salatost

    Nett so feta, men laga på den ferske mjølka frå kyrne våre. Me lagar to variantar. Den eine er naturell i vakuumerte blokker, og den andre varianten er bitar av salatost som ligg på glas i rapsolje med ramsløk som me sjølve har plukka og tørka.

    Serveringstips og bruksområde:

    Skal du ete salat, så er det lettvint å blande inn eit glas med salatost. Då er dressingen òg ferdig. Elles er salatosten god i grateng, på pizza eller i pastasaus.

  • Den vesle Havfrua

    Pasteurisert halvfast ost med tørket tare inni. Mild ost med sjø- og fjordfølelse.

    Serveringstips og bruksområde:

    Passar på brød og kjeks. Ung og mild ost som kan skjerast med ostehøvel.

  • Steikeost

    Nett so halloumi, men laga på den ferske mjølka frå kyrne våre med litt mindre salt enn den kypriotiske halloumi-osten. Del osten i skiver og steik på litt høg varme for ei crispy skorpe.

    Serveringstips og bruksområde:

    Osten er ikkje så salt som Halloumi, så du kan gjerne steike han i smør eller krydre etter smak. Del osten i skiver på 0,5-1 cm og steik. Passer godt i m.a. salatar eller berre på brødskiva. Osten blir av nokre brukt som eit alternativ til kjøt, f.eks som burger eller bacon til sundagsfrukosten.

  • Smørbar kremost

    Dette er ein frisk, syrleg og mild kremost. Du kan få den heilt naturell med berre litt havsalt eller tilsett krydderblandinga kvitløkspepar. Konsistensen er krema og smørbar.

    Serveringstips og bruksområde:

    Passar godt på kjeks og brød. Prøv den gjerne i ostekake, dipp, i supper eller sausar. Kvitløkspepar-varianten er god som kvit pizzasaus.

  • Hytteost

    Upasteurisert skjørost. Hytteosten er laga av syrna skummamjølk som blir forsiktig varma og drenert.

    Serveringstips/bruksområde:

    Tradisjonelt blei skjørost ete med rømme/surmjølk og spekemat. Den kan etast tørr f.eks. med hermetisert frukt til ein proteinrik dessert, eller blanda med litt surmjølk og bær til føremiddagsmat. Skjørost kan òg brukast i bakst for å heve proteininnhaldet.

  • Surmjølk

    Upasteurisert og uhomogenisert slik at den opphavelege mikrofloraen, enzyma, vitamina, minerala og proteina i mjølka framleis er intakt. Mjølka er alltid heilt fersk, rett frå kyrne, berre avkjølt litt før den blir syrna med melkesyrekulturar som gjev den gode smaken og haldbarheita. 1 liters glasflaske.

    Serveringstips og bruksområde:

    I vår familie går det mange liter surmjølk i veka: typisk bondekost her er havregryn med surmjølk og litt syltetøy eller rosiner, som ein god variasjon til brødmat. Surmjølka passar godt på müsli og kornblandinger, og er sjølvsagt god i smoothie saman med bær.

  • Jogurt

    Dette er ein naturell, mild og rund jogurt laga på dagsfersk mjølk frå kyrne våre. Den blir pasteurisert i prosessen og tilsett litt jogurtkultur. Elles er det verken teke vekk noko eller tilsett noko. 0,5 liters boks

    Serveringstips og bruksområde:

    Jogurten er mild. Et den gjerne med litt granola, havregryn, bær eller honning.